Kva er viktig for deg? - dagen 6. juni 2019

Torsdag den 6 juni er markeringa for den årlege «Kva er viktig for deg?- dagen». På denne dagen er alle tilsette i kommunehelsetenesta og i spesialisthelsetenesta oppfordra å spørje sine brukarar og pasientar om "Kva er viktig for deg?" – uavhengig av alder og kronisk sjukdom. Svara på dette spørsmålet kan gje nyttig informasjon om brukarane sine behov og ynskjer.

 

Klikk for stort bilete

«Kva er viktig for deg dagen» blir markert på ulike måtar i over 50 land i verda, og ved ca. 180 bydelar/kommunar/sjukehus i Norge. Det er Kommunenes sentralforbund (KS) og Folkehelseinstituttet som har ansvar for markeringa i Norge, og den har utspring i dei kommunale læringsnettverka som skal bidra til gode pasientforløp for eldre og kronisk sjuke.
 

Det ligg materiell som de kan laste ned og nytte på KS sine nettsider: https://www.ks.no/fagomrader/helse-og-omsorg/eldreomsorg/gode-pasientforlop/kunnskapsgrunnlag-og-verktoy/materiell-til-hva-er-viktig-for-deg-dagen-i-2018/   Her finn de blant anna plakatar, ein flyer der de kan setje inn eigen informasjon, mal til rollups og tomme snakkeboble.
 

Følg gjerne med på ks.no/pasientforlop, på Facebook-siden Gode pasientforløp, på Instagram: hvaerviktigfordeg og på Twitter: @Pasientforlop. Del gjerne bilde og stemningsrapportar frå aktivitetane dykkar og bruk emneknaggene #hevd19 og #WMTY19.

 

Klikk for stort bilete