Leve heile livet - då trengs etisk refleksjon

Leve heile livet reforma er eit viktig satsingsområde for oss i Utviklingssenteret for sjukeheim og heimeteneste. Reforma handlar om dei grunnleggande tinga: fellesskap, aktivitet, mat, helsehjelp og samanheng i tenestene.

Vi veit at de som jobbar i helsesektoren arbeider med dette kvar einaste dag, og at det er noko de allereie er gode på. Samtidig sluttar ein aldri å lære, og i ein hektisk arbeidskvardag med rutinar treng vi å ta ein tenkepause.

Der kjem etisk refleksjon inn som eit nyttig verktøy. Etisk refleksjon fører både til bevisstheit kring kva ein faktisk gjer, og til grunngjeving for val av handling. Saman gir dette auka kvalitet i arbeidet. Dermed vil den etiske samtalen og arbeidet med kvalitetsforbetring vere to sider av same sak. Slikt etikkarbeid vil bidra til at brukarar opplever at tenestene tar vare på verdiar som verdigheit og integritet.  Å sikre at ein har gode gjennomtenkte tenester som opplevast positivt er kjempeviktig for å nå målet om at fleire eldre meistrar livet lenger, og har ein trygg og aktiv alderdom.

Vi ynskjer at de blir med oss den 2.11 for å høyre spennande føredrag, praktisk øving i etisk refleksjon og erfaringsdeling. Fagdagen vert på Thon Hotel Jølster, og varer frå kl.10.00 til 15.30 med ein lengre lunsj. Vi skal høyre innlegg frå lokale og nasjonale ressursar og vil mellom anna vere innom verktøy og kompetansepakkar som Openheit om døden.

Program for dagen

(Med førehald om endringar)

09.30-10.00 Registrering

10.00-10.05 Velkommen og praktisk informasjon v/USHT

10.05-10.15 Opning av fagdagen

10.15-11.00 USHT og Nettverk for kreftomsorg og lindrande behandling

                     Lokalt innlegg om lindrande behandling

11.00-11.10 Pause

11.10 -12.00 Etikk og palliasjon v/KS

12.00-12.45 Lunch

12.45-13.00 Openheit om døden

                    - E-læringsverktøy
                    - 6 trinnsmodell

13.00-13.10 Pause

13.10-14.00 Tankar, undringar, refleksjon i grupper eller TUR

14.15-14.30 Oppsummering av grupperefleksjon

14.30-15.00 Barn som pårørande
                    - Vegen vidare

15.00-15.30 Video med sjukehusklovn Elisabet Helland Larsen «Åpenhet om livet og døden»

        

  

Kontakt

Berit Ullebust
Kreft- og utviklingskoordinator
E-post
Telefon 57 61 28 18
Mobil 94 82 42 54