Leve hele livet-konferanse i Førde

 

Fylkesmannen i Vestland og regionalt støtteapparat for Leve hele livet-reforma inviterer til konferanse. Hald av datoen så lenge.

 

Dato: 28. november 2019 09:00 - 16:30

Stad: Scandic Sunnfjord hotell, Førde

 

Ansvarleg: Fylkesmannen i Vestland og regionalt støtteapparat for Leve hele livet-reforma

 

Målgruppe: Frivillige organisasjonar, næringsliv, ansvarlege for planarbeid, ordførarar, rådmenn og leiarar på alle nivå i kommune- og spesialisthelsetenesta, leiarar i kommunar og fylkeskommunar, brukarorganisasjonar, pårøranderepresentantar, politikarar, tilsette i kommunale helse- og omsorgstenester, representantar frå helseføretak, universitet og høgskular, vidaregåande skular og andre interesserte.

Tema for konferansen er planlegging av aldersvenlege lokalsamfunn, og samarbeid og samskaping mellom frivillig arbeid, næringsliv og kommunar.

Vi legg opp til plenum og parallelle sesjonar. Det vert også sett av tid til myldring og diskusjonar i grupper.

Målet med konferansen er:

  • Å vere ein møteplass for ulike aktørar som ynskjer å bidra i arbeidet med gjennomføring av kvalitetsreforma Leve hele livet
  • Å skape engasjement og begeistring for reformarbeidet
  • Å vere ein stad for informasjonsutveksling og erfaringsdeling

 

Program og påmelding vert lagt ut seinare - følg med på fylkesmannen i Vestland si heimeside.

https://www.fylkesmannen.no/nn/vestland/kurs-og-konferansar/2019/11/leve-hele-livet-konferanse-forde/