Opplæring av etikkrettleiarar

Så kunne vi endeleg ha ei "fysisk" samling igjen med engasjerte kommunetilsette. Fagdag med opplæring av etikkrettleiarar vart avlyst i april, men no var ei gruppe på vel 20 deltakarar samla og fekk både ei teoretisk innføring og arbeide med etiske dilemma i grupper.

Klikk for stort bilete Systematisk etisk refleksjon er eit viktig verkemiddel i arbeidet med god kvalitet i tenestene. Til det treng vi engasjerte og kompetendte etikkrettleiarar i den enkelte kommune og avdeling. Vårt utviklingssenter samarbeider tett med KS si satsing på dette området. Leni Klakegg, regional etikkveileder i KS, og Hilde Solheim, etikkrettleiar i Kinn kommune, leda deltakarane gjennom dagen.Klikk for stort bilete

Kommunane kan få vidare rettleiing/oppfølging dersom det er behov for det.

Vi vil vurdere å arrangere fleire opplæringsdagar for etikkrettleiarar dersom det er  eit ynskje.                                                                                                                                            

Kontaktperson: Leni Klakegg, KS. Epost: leni.klakegg@ks.no, tlf 92 41 11 82