Opplæringspakke til bruk i kommunale kohortavdelingar og smitteisolat

Klikk for stort bilete USHT Vestland (Sogn og Fjordane) har laga ein opplæringspakke for personale ved kohortavdeling og smitteisolat ved koronavirus. Kompetanseområda er utarbeidd i samarbeid  med kommunalsjef og einingsleiarar i Sunnfjord kommune. Innhaldet er i tråd med nasjonale tilrådingar og gjeldande smittevernsprosedyrar i Helse Førde regionen.

Føremålet med opplæringspakken er å sikre at personalet som skal arbeide i kohortavdeling og/eller smitteisolat får ein gjennomgang av sentrale kompetanseområder. Det er lagt opp til individuell gjennomgang (lese, e-læring), felles undervisning (video/webinar eller i avdeling) og praktiske øvingar.

Opplæringspakken er sendt ut til kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane (Helse Førde regionen). Det er lagt vekt på at alle kjeldene er opne, dvs ikkje bak betalings-/ abonnementsmur. Heile opplæringspakken er lagt ut her (høgre side).

Leiar/kommunar står fritt til å gjere eigne tilpassingar. USHT er tilgjengeleg for innspel, spørsmål og rettleiing. Det vil komme eigne invitasjonar til felles webinar og videomøter så snart dette er på plass.