Opplysningsdag om demens 28. september

Har du ein i familien, nabo, ven eller kollega som er ramma av demens? Kanskje er du nysgjerrig, eller er frivillig og vil lære meir om tilstanden og kva hjelpetiltak som finst? Arrangementet er på Kunstmuseet i Sogn og Fjordane (Førde) og er open for alle.

Klikk for stort bileteKlikk for stort bilete

Føremålet med dagen er opplysning, kunnskapsformidling, og å skape openheit  rundt demenssjukdommar.

Tid: Laurdag 28. september 2019 kl 11.00-14.00

Stad: Sogn og Fjordane kunstmuseum, Førde

 

Program

 

Miniføredrag

Tidspunkt

Tema

Førelesar

11:00

Når demenssjukdom rammer – symptom og behandling

Camilla Savland, fastlege i Naustdal kommune

15 min pause

 

 

11:45

Dagaktivitetstilbodet «Veglo»: Meiningsfulle dagar i eit trygt og sosialt miljø.

Bente Lofnes, sjukepleiar og arbeidsleiar på dagtilbodet «Veglo», Førde kommune

15 min pause

 

 

12:30

Gode kvardagar gjennom musikk, kultur og tilpassa aktivitetar

Jorunn Bakke Nydal, musikkterapeut/fagleiar kultur og helse i Flora kommune

13:00-14:00

Stands, samtale og informasjon

 

 

Stands med informasjon om hjelpetilbod, kurs, velferdsteknologi:

  • Demensteam i Sunnfjord kommune
  • Sunnfjord demensforeining
  • Friskliv og frivilligsenter i Førde
  • Velferdsteknologi v/utviklingssenteret

Sjå program i lenke til høgre.

Kafè Sobra er open med sal av mat/drikke.

Arrangementet er ein del av Forskingsdagane 2019