Oppstart av Velferdsteknologiens ABC våren 2019

Opplæringspakken Velferdsteknologiens ABC er utarbeidd av SINTEF og Høgskolen i Sørøst-Norge, på oppdrag frå KS og Helsedirektoratet. Utviklingssentra har i sitt oppdrag å bidra til utrulling av ABC-en.

I 2015 deltok 4 kommunar i fylket i piloteringa av ABCèn, og våren 2018 starta 11 kommunar på opplæringspakken.

Utviklingssenteret jobbar no med å planlegge nytt oppstartseminar våren 2019

 

Dato og stad for oppstartseminar
 

Dato: 14. mars 2019

Stad: Skei hotel Jølster, Skei

 

Vi kjem attende med informasjon om program og påmelding.

 

Mål for opplæringa
Gjennom eigenstudie og arbeid i tverrfagelege (og gjerne tverretatlege) studiegrupper, får tilsette grunnleggande kompetanse og tilgang til nødvendige arbeidsverkty, for å vurdere, ta i bruk og fylgje opp tenester og tiltak der velferdsteknologi vert brukt.

 
Målgruppe og samansetting av studiegrupper
Dette er ein tverrfagleg opplæringspakke for tilsette i dei kommunale helse og omsorgstenestene, med ulik utdanningsbakgrunn og ulike yrkesroller. Det er også anbefalt at leiarar deltek.

Vi anbefalar også at tilsette innan it, forvaltning og drift deltek sidan fleire av desse får ei viktig rolle når velferdsteknologi skal takast i bruk i kommunane.

I den enkelte studiegruppe bør ein vere mellom 5 til 8 deltakarar. Gruppene bør vere sett saman mest mogeleg tverrfagleg og gjerne på tvers av arbeidsstad. Inndeling i grupper må vere gjort før oppstartseminaret.
 

Programmet for oppstartseminaret
Program vert lagt ut så snart det er klart.
 

Opplæringsmateriellet
Opplæringspakken er tilgjengeleg på KS sine nett-sider, der de sjølv kan skrive det ut. Lenke til den elektroniske versjonen finn de her: Velferdsteknologiens ABC

Det vil også verte høve til å bestille eige hefte av opplæringsmateriellet. Vi kjem attende med meir informasjon om dette.