Oppstartseminar – Musikkbasert miljøbehandling

 4. april hadde USHT oppstartseminar for musikkbasert miljøbehandling, den nyaste permen i ABC-opplæringa.

23 deltakarar frå Sunnfjord, Luster og Askvoll var med på seminarsamling på Skei i Jølster. Det var god stemning og stort engasjement blant deltakarane,  ein utruleg kjekk og lærerik dag. Førelesarar frå Aldring og helse og frå Nasjonalt kompetansesenter for kultur, helse og omsorg i Levanger stod for den faglege biten av seminaret.

ABC musikkbasert miljøbehandling – utviklingshemming gir oppdatert, grunnleggande kunnskap om bruk av musikktiltak i miljøbehandlinga i tenestene. Det vera seg bo- og heimebaserte tenester, dagtilbod og institusjonar tilrettelagt for personar med utviklingshemming. Opplæringa tar for seg tema som systematisk og målretta miljøarbeid med eit personsentrert verdigrunnlag, diagnosen utviklingshemming og dessutan årsak og utfordringar knytt til det å leva med utviklingshemming. I tillegg korleis integrera musikk, song og bevegelse i den daglege miljøbehandlinga.

Det faglege innhaldet er utruleg spennande, det er eit solid forskingsgrunnlag og fleire døme på korleis musikkbasert miljøbehandling kan redusera uro, angst, trøyttleik og smerte.

Nyfiken på ABC-opplæringa? Meir informasjon finn du her