Oppsummering fagdag 20. Oktober 2022

Kva inneber det å bli eldre og leve som gammal - og kva er viktig for den eldre i møte med alderdommen? var tema på fagdagen i fagnettverk for eldremedisin / eldreomsorg 20. oktober 2022.

Runar Bakken, gerontolog, sjukepleiar og dosent emeritus v/ Universitetet i Sørøst-Norge har dei seinare åra skrive fleire bøker og har arbeidd med paradokset Alle vil leve lenge, men ingen vil bli gamle.

I forsettelsen presenterte og inviterte Regionalt kompetansesenter for eldremedisin og samhandling (SESAM) v/ Ingrid Langeland til deltaking i FOKUS-nettverket, og stipendiat Lise Birgitte Holteng presenterte prosjektet RoboCare. FOKUS er SESAM sitt nettverk for forsking i sjukeheim der dei saman med sjukeheimar i heile helseregion vest ynskjer å skape eit nettverk for aktivt fellesskap om forsking. Føremålet er å auka mengda og kvaliteten av forsking som føregår på sjukeheim, og arrangerer regelmessige møte der ein diskuterer aktuelle tema, relevante problemstillingar og går gjennom ny forsking som er aktuell for kommunane.

Presentasjon og invitasjon til deltaking i FOKUS-nettverket

Martha Therese Gjertsen, forskingskoordinator ved SESAM avslutta med eit innlegg om Aldersvennleg samfunn med fokus på digitalisering og teknologiske løysingar, samt informerte om og inviterte til deltaking på SESAM sin digitale brukarskuler for personar med demens. Kurset gir råd og tips i høve korleis meistre kvardagen når demenssjukdom rammar, og er ein sosial møteplass og god arena for erfaringsdeling med andre i same situasjon. Målgruppa er heimbuande personar med demens i tidleg fase over 65 år.

Meir om informasjon om brukarskuler ligg tilgjengleg her: Brukarskole for personar med demens