Samling for nye prosjekt i Nasjonalt velferdsteknologiprogram

 

Helsedirektoratet arrangerte samling for nye prosjekt i det nasjonale velferdsteknologiprogrammet 2. - 3.  april.

 

Klikk for stort bileteF.V: Hilde Tenold, Vik, Hilde Barmen, Vågsøy, Anita Skarstein, Stryn, Malene Helle, Hyllestad, Leni Klakeegg, Flora, Kristin Munkejord, Lærdal og Kjell Olav Bondevik, Samarbeidsprosjektet

Frå samarbeidsprosjektet i Sogn og Fjordane var seks nye kommunar representert med sin prosjektleiar samt at  Kjell Olav Bondevik, som er prosjektleiar for heile samarbeidsprosjektet, også deltok.

På seminaret fekk ein ei orientering om det nasjonale velferdsteknologiprogrammet (NVP) og ein fekk høyre erfaringar frå tidligare prosjekt.  PA consulting gav deretter ein introduksjon på dei ulike fasane i "Veikart for tjenesteinnovasjon".

Seminaret har vore lærerik og motiverande for deltakarane som no gler seg til å jobba vidare med prosjektet, sjølv om dei ser at det vert arbeidsamt.