Samling i Fagnettverket eldremedisin/eldreomsorg 25.mars

Tema var ASPD - Adferdsforstyrringar og psykiske symptom ved demens. Thale Kinne Rønqvist, spesialist i nevrologi og eldrepsykologi, delte av sin kunnskap og erfaring på området. Engasjerande, lærerikt og til ettertanke.

Fagnettverket innan eldremedisin/eldreomsorg har to fagdagar i året. Demens har vore hovudtema i 2019-2020. Samlinga våren 2020 måtte avlysast, og tema vart difor sett opp att no.

Det var god deltaking: Rundt 75 deltakarar frå 15 kommunar og 3 sjukehusavd., og frå HVL.

Thale Rønqvist hadde fokus på:

Thale Kinne Rønqvist

 

  • Korleis forstå APSD
  • Korleis førebygge ASP

I tillegg fekk vi nyttige tips og lenker til litteratur og nettsider.

USHT presenterte kort modellane VIPS og TID, og tilbod om opplæring/basiskurs.