Smittevern - opplæring og prosedyrar

Helsedirektoratet vil om kort tid publisere oppdatert informasjons- og opplæringsmateriale om smittevern til bruk i kommunehelsetenesta.

I samarbeid med andre relevante fagmiljø har Helsedirektoratet satt i gang eit arbeid som skal bidra til å styrke smittevernkompetansen i sjukeheim og heimebaserte tenester. Planen er å raskt opprette eit område på temasida om Koronavirus på Hdirs nettside. Der vil det bli publisert opplæringsressursar og prosedyrar til bruk i ulike tenesteområder i kommunane.

USHT vil bidra til å spreie informasjon om nettstaden så snart den er «oppe og går». Dette skjer i samråd med hygienesjukepleiar ved Helse Førde.