USHT

Systematisk oppfølging av heimebuande personar med demens og pårørande

Systematisk oppfølging av heimebuande personar med demens og pårørande

USHT inviterer til eit læringsnettverk der fokus er på heimebuande personar med demens og deira pårørande. Læringsnettverket rettar særleg fokus på perioden frå mistanke om demens fram til det er behov for heildøgnomsorg.

Helsedirektoratet lyste hausten 2021 ut midlar til Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) knytt til Demensplan 2025. Målet med tilskotsordninga er å bidra til implementering av gode forløp i dei kommunale helse- og omsorgstenestene.

Invitasjon til deltaking i læringsnettverk

USHT Vestland (Sogn og Fjordane) vil med bakgrunn i dette invitere kommunane i Sogn og Fjordane-regionen til å delta på eit læringsnettverk. Målet med læringsnettverket er å etablere rutinar for systematisk oppfølging av heimebuande personar med demens og deira pårørande, i tråd med Nasjonal fagleg retningslinje om demens.

Deltakande kommunar identifiserer sjølve område for forbetring.

Læringsnettverket rettar særleg fokus på perioden frå mistanke om demens fram til det er behov for heildøgnomsorg, med vekt på tiltak/rutinar som bidrar til:

  • Personar med mistanke om demens blir utreda og diagnostisert
  • Personar med demens og deira pårørande blir kontakta av ein fast kontaktperson, og får tilbod om informasjon, hjelp og støtte så snart som mogleg etter at diagnosen er stilt
  • Regelmessige kartleggingsbesøk som sikrar at kommunen fangar opp endringar i hjelpebehov, gjennom heile sjukdomsforløpet
  • Familiar ramma av demenssjukdom får tilbod om rett tiltak/teneste til rett tid

Kva er eit læringsnettverk?

Eit læringsnettverk er ein metode for kvalitetsutvikling. Gjennom å samle team på tvers av kommunar, legg vi til rette for å dele erfaringar og lære i lag. Kvar kommune set saman eit forbetringsteam som arbeider med tiltak knytt til eitt eller fleire av områda.

USHT vil nytte Modell for kvalitetsutvikling i planlegging og gjennomføring av læringsnettverket, og vil rettleie på fag og prosess. Kommunane / forbetringsteama sine behov er utgangspunkt for rettleiinga.

Kva inneber det å delta?

Det er planlagt fire fysiske samlingar, i tillegg til rettleiing, individuelt og i gruppe.

På samlingane vil ein prioritere erfaringsdeling og arbeid i gruppe, samstundes som teama vil bli introdusert for aktuelle demensfaglege tema (innsatsområde), forbetringsverktøy og målemetodar. 

For å sikre forankring og støtte er det forventa at kommunalsjef for helse og omsorg eller tilsvarande deltar på første og siste samling, og at aktuelle leiarar støtte opp om teamet som skal drive prosessen og sikre at dei får avsett tid til å planlegge, innføre og følge opp tiltak som blir sett i gang.

Teamleiar for forbedringsteamet vil vere USHT sin kontaktperson gjennom heile læringsnettverket.

Har du spørsmål eller ynskjer å melde deg på læringsnettverket – ta kontakt med Toril Marie Terum