Workshop 5. februar 2020 i Førde

Onsdag 5. februar var prosjektgruppene i frå Velferdsteknologiprosjektet i Sogn og Fjordane samla til workshop i Førde.

Frå dei 17 kommunanen som deltek i prosjektet kom det tilsaman nærare 80 personar. Kristin Standal, Prosjektleiar i det Nasjonale Velferdsteknologiprogrammet starta dagen med å fortelle om endringar som vert gjort i prosjektet i 2020 og fortalte om status for prosjektet per no. Bente og Anita Frå Gloppen kommune fortalte korleis dei hadde tenkt og planlagt kring gevinstrealisering. Deretter leia PA Consulting oss igjennom resten av dagen, der gevinstrealisering stod på agendaen både som presentasjonar og gruppearbeid.

 

 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete