Læringsnettverk i pasienttryggleiksprogrammet

Utviklingssenteret for sjukeheim og heimetenester (USHT) i Sogn og Fjordane har saman med Helse Førde invitert alle kommunane i fylket og aktuelle avd, i helseføretaket til å delta i læringsnettverk innan to innsatsområde i Pasienttryggleiksprogrammet:

"Rett legemiddelbruk i sjukeheim"

"Førebygging av kateterassosiert urinvegsinfeksjon"

Læringsnettverka er basert på metode og materiell frå det nasjonale pasienttryggleiksprogrammet "I trygge hender".

Aktivitet 2014:

  • 3 samlingar (felles for begge innsatsområda) - 22. januar, 5. juni og 29. september.
  • Rettleiing mellom samlingane (telefon- og videomøter, besøk)
  • Posterutstilling på forskingsdagane i september
  • Rapportering
  • Evaluering hausten 2014

På første samlinga deltok 10 kommunar frå Sogn og Fjordane og 3 avdelingar frå Helse Førde.