Rett legemiddelbruk i sjukeheim og heimeteneste

Målet er å redusere pasientskader som følgje av feil legemiddelbruk i kommunehelsetenesta. Legemiddelgjennomgang blir brukt som ein systematisk metode for å kvalitetssikre den enkelte pasient sin legemiddelbruk og det er utarbeidd ein kunnskapsbasert tiltakspakke som skal bidra til å hindre skade.  

Utviklingssenteret og Helse Førde arrangerte i 2014 læringsnettverk i innsatsområda Rett legemiddelbruk i sjukeheim og heimeteneste og Førebygging av urinvegsinfeksjon. Rett legemiddelbruk var også eit satsingsområde i 2015 og 2016, då som ein del av Fagnettverk i eldremedisin. Kommunar som har arbeidd med å innføre Rett legemiddelbruk er Fjaler, Flora, Førde, Gaular og Høyanger.

 

Tiltak for å sikre rett legemiddelbruk i sjukeheim:

 

  • Tverrfagleg strukturert legemiddelgjennomgang (LMG) ved innkomst, halvår og årskontroll
  • Etablere struktur i pasientjournal som sikrar dokumentasjon av samstemming og legemiddelgjennomgang med oppfølging
  • Sikre oppfølging av legemiddelforskriving med faglege observasjonar, vurderingar og dokumentasjon i pasientjournal innan 24 timer etter endringar
  • Sikre tverrfaglege undervisnings- og casemøter om optimal legemiddelbehandling av pasientane

Tiltak for samstemming og rett legemiddelbruk i heimetenesta:

 

Samstemming skal sikre at pasienten si legemiddelliste inneheld dei medisinane pasienten faktisk brukar. Rett legemiddelbruk inneber at pasientane si medisinering vert gjennomgått regelmessig.

Følgande fire tiltak skal styrke og kvalitetssikre samarbeidet og oppfølging av pasientar med vedtak om hjelp til legemiddeladministrering:

  • Samstem legemiddellista mellom pasient, heimeteneste og fastlege
  • Tverrprofesjonell strukturert legemiddelgjennomgang av heimebuande pasientar med vedtak om legemiddelhandtering
  • Sikre oppfølging av legemiddelforskriving med faglege observasjonar, vurderingar og dokumentasjon i pasientjournal (innan to virkedagar etter endringar)
  • Etabler struktur i pasientjournal som sikrar dokumentasjon av samstemming og legemiddelgjennomgang med oppfølging