Samhandling for betre pasienttryggleik

Deltakarane samla i læringsnettverket   Første samling i læringsnettverk for to innsatsområde i pasienttryggleiksprogrammet: «Rett legemiddelbruk i sjukeheim» og «Førebygging av kateterassosierte urinvegsinfeksjonar».

Helsepersonell frå både kommune- og spesialisthelsetenesta deltok på samlinga på Skei 22.januar 2014. 10 kommunar frå Sogn og Fjordane var representert, samt 3 avdelingar frå Helse Førde - tilsaman 62 deltakarar.

Program

Samlinga starta med ein felles introduksjon om forbetringsarbeid, informasjon om pasienttryggleikskampanjen, erfaringar frå arbeid i team og betyding av forankring i leiinga.

Programmet heldt fram i to parallellsesjonar med spesifikk innføring i dei to innsatsområda. Deltakarane fekk høyre engasjerande og gode presentasjonar frå tilsette som har deltatt på nasjonale læringsnettverk, før dei arbeidde i sine team med eige prosjekt, mål og framdriftsplan. Dette var ei arbeidsøkt med stor aktivitet og engasjement; team i full gang med planar for korleis dei skal jobbe vidare i eiga avdeling.

Her finn du programmet for dagen. (PDF, 424 kB)Stor aktivitet i teama

Læringsnettverk

Læringsnettverket skal gå over 9 månader. I den perioden skal det vere 3 dagssamlingar. I tillegg blir teama følgt opp og rettleia mellom samlingane via via telefon, telefonmøter, lyd/bilete (telemedisin).

Samhandlingsprosjekt

Dette er eit samhandlingsprosjektet mellom Helse Førde og Utviklingssenteret / kommunane. Målet er å utvikle og prøve ut eit systematisk samarbeid mellom spesialist- og kommunehelsetenesta om tiltak for å betre pasienttryggleik og kvalitetsutvikling gjennom:

  • Felles innsatsområder frå den nasjonale pasienttryggleikskampanjen
  • Fokus på forbetringskunnskap
  • Bruk av telemedisinske løysingar for å etablere arenaer for kunnskapsoverføring/dialog  mellom tenestenivå                                                           

Les meir om Pasienttryggleiksprogrammet