Forbetringsutdanning kommunar

Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Sogn og Fjordane (USHT) vil i samarbeid med Helse Førde starte ei forbetringsutdanning innan kvalitet- og pasienttryggleiksarbeid for kommunar. Planlagt oppstart er november 2019.

Forbetringsutdanning for praksis

Utdanninga legg vekt på at deltakarane får kunnskap om forbetringsmetodikk. Målgruppe er einingsleiar, avdelingssjukepleiar eller ressurspersonar som driv fagutviklingsarbeid. Ein god måte å lære forbetringsmetodar på er å gjennomføre eit forbetringsarbeid i eigen praksis parallelt med utdanninga. Deltakarar skal i forkant av utdanninga velje eit tema som arbeidsplassen treng forbetring på. Det kan vere nyttig å knytte tema til reforma, Leve heile livet eller innsatsområda i Pasienttryggleiksprogrammet.  Kvar kommune kan delta med to-tre deltakarar som samarbeider om eit felles forbetringsarbeid. Utdanninga har ei førebuande samling, og vidare tre samlingar over ni månader. USHT vil ha ansvar for å rettleie deltakarar på og mellom samlingane.