USHT

Opplæringspakkar

USHT Vestland (Sogn og Fjordane) har i tett samarbeid med hygienesjukepleiarane i Helse Førde utarbeidd eit undervisningsopplegg som kan nyttast ved smitteutbrot med koronavirus i sjukeheim/omsorgsbustad. Det er ein «kortversjon» av tidlegare utarbeidd opplæringspakke til bruk i kohortavd/institusjon.

Heimebaserte tenester har etterspurt ein opplæringspakke tilpassa deira personale. Denne er no klar!

Opplæringspakken for personale utan  helsefagleg utdanning er no klar. Målgruppa for opplæringa er nye tilsette og vikarar, og tilsette frå andre einingar i kommunen som blir omdisponert grunna situasjonen rundt Covid-19.

 USHT Vestland (Sogn og Fjordane) har laga ein opplæringspakke for personale ved kohortavdeling og smitteisolat ved koronavirus. Kompetanseområda er utarbeidd i samarbeid  med kommunalsjef og einingsleiarar i Sunnfjord kommune. Innhaldet er i tråd med nasjonale tilrådingar og gjeldande smittevernsprosedyrar i Helse Førde regionen.