Demensteam Førde kommune

Demensteamet er eit lågterskeltilbod retta mot personar med demens eller mistanke om demensutvikling. I tillegg yter vi hjelp til pårørande eller andre som kjenner seg knytt til personar med demens, helsepersonell og andre interesserte. Vi har teieplikt og kan hjelpe.

Kontaktinformasjon:

  • Mobiltelefon: 414 52 066, kl. 10:00–15:00 (måndag til fredag)
  • E- post: demensteam@forde.kommune.no
  • Postadresse: Demensteamet i Førde, Langebruvegen 28, 6802 Førde
  • Besøksadresse: Rødekorsbygget 2.etg. Langebruvegen 28 

.

Demensteamet sitt arbeid

Demensteamet arbeider for å gje meir kunnskap om demenssjukdommar og å betre kvaliteten på samveret med personar som er råka av demens. Målet er å skape ein trygg og forutsigbar kvardag både for demensråka og deira pårørande. 

 

Dei kan mellom anna hjelpe med å klargjere rettane til den enkelte brukaren og kontakte og samarbeide med hjelpeapparatet. Teamet ønskjer å gje råd og rettleiing i dagleglivet og å styrke dei pårørande gjennom open dialog.
 

Korleis arbeider demensteamet?

  • Vi driv pårørandeskule og samtalegrupper for pårørande og for personar med lever med demens
  • Kartlegging av personar med demens eller mistanke om demens, i samarbeid med andre som yter hjelp. Tilrettelegging og tryggleik i heimen er ein del av dette kartleggingsarbeidet.
  • Rettleiing for tilsette som arbeider med personar som lever med demenssjukdom og deira pårørande
  • Vakttelefon for alle som har behov for samtale, råd og rettleiing i høve demens
Vi har teieplikt, så all kontakt med oss vert handsama konfidensielt. 

 

> Last ned brosjyre om Demensteamet i Førde sitt arbeid (PDF, 151 kB)

 

Program hausten 2019

                 

Kurs blir planlagt og informasjon om dette vert lagt ut fortløpande på www.forde.kommune.no/demensteamet

Fann du det du leitte etter?

Kontakt

Ta tidleg kontakt med Demensteamet i Førde kommune

Telefon : 414 52 066

Snarvegar