Vi veit at de som jobbar i helsesektoren arbeider med dette kvar einaste dag, og at det er noko de allereie er gode på. Samtidig sluttar ein aldri å lære, og i ein hektisk arbeidskvardag med rutinar treng vi å ta ein tenkepause.
Der kjem etisk refleksjon inn som eit nyttig verktøy. Etisk refleksjon fører både til bevisstheit kring kva ein faktisk gjer, og til grunngjeving for val av handling. Saman gir dette auka kvalitet i arbeidet. Dermed vil den etiske samtalen og arbeidet med kvalitetsforbetring vere to sider av same sak. Slikt etikkarbeid vil bidra til at brukarar opplever at tenestene tar vare på verdiar som verdigheit og integritet. Å sikre at ein har gode gjennomtenkte tenester som opplevast positivt er kjempeviktig for å nå målet om at fleire eldre meistrar livet lenger, og har ein trygg og aktiv alderdom.
Vi ynskjer at de blir med oss den 2.11 for å høyre spennande føredrag, praktisk øving i etisk refleksjon og erfaringsdeling. Fagdagen vert på Thon Hotel Jølster, og varer frå kl.10.00 til 15.30 med ein lengre lunsj. Vi skal høyre innlegg frå lokale og nasjonale ressursar og vil mellom anna vere innom verktøy og kompetansepakkar som Openheit om døden.
Program for dagen
(Med førehald om endringar)
09.30-10.00 Registrering
10.00-10.05 Velkommen og praktisk informasjon v/USHT
10.05-10.15 Opning av fagdagen
10.15-11.00 USHT og Nettverk for kreftomsorg og lindrande behandling
Lokalt innlegg om lindrande behandling
11.00-11.10 Pause
11.10 -12.00 Etikk og palliasjon v/KS
12.00-12.45 Lunch
12.45-13.00 Openheit om døden
- E-læringsverktøy
- 6 trinnsmodell
13.00-13.10 Pause
13.10-14.00 Tankar, undringar, refleksjon i grupper eller TUR
14.15-14.30 Oppsummering av grupperefleksjon
14.30-15.00 Barn som pårørande
- Vegen vidare
15.00-15.30 Video med sjukehusklovn Elisabet Helland Larsen «Åpenhet om livet og døden»