"Leve heile livet"- prisen til Kinn kommune

Åse Vaag (f.v.), Ola Teigen, Jorunn Bakke Nydal, Norunn Stavø og Lars Sponheim. Janne Weltzien Listhaug/Fylkesmannen i Vestland Helse- og omsorgsdepartementet har tildelt Kinn kommune årets "Leve heile livet"-pris. Prisen vart delt ut av helse- og omsorgsminister Bent Høie under "Leve heile livet"-konferansen onsdag 18. november.

 

Kinn kommune er eit døme til etterfølging fordi dei har brukarperspektivet med heile vegen, samtidig som dei har forankra reforma politisk, sa helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Kinn kommune fekk prisen for det gode arbeidet dei har gjort gjennom langsiktig planarbeid, og kommunen og lokalsamfunnet sitt engasjement i å halde oppe aktive og meiningsfulle dagar for dei eldre.

Den nasjonale juryen framhevar at det er kvalitet over arbeidet til prisvinnaren. Dei sette raskt i verk tiltak då pandemien kom. I tillegg vert det lagt vekt på at Kinn kommune har ein langsiktig plan for korleis innbyggjarane deira skal oppleva gode og meiningsfulle dagar og at arbeidet er sterkt forankra i kommunen og lokalsamfunnet.

Vi i USHT Vestland (Sogn og fjordane) gratulerer Kinn kommune. Vi takkar for eit langt og godt samarbeid, og gledar oss til å følge dykk vidare!

Les meir her