Årsmelding samhandlingskoordinator 2022Årsmeldinga peikar på dei store linjene i arbeidet mellom kommunane og Helse Førde gjennom 2022 Årsmelding 2022 (PDF, 472 kB) Sogn og Fjordane helsefellesskap er etablert, og ny struktur har vore i drift eit år. Viktige oppgåver for helsefellesskapet har vore å lage ein felles strategi og handlingsplan for åra framover. Dette arbeidet peikar på korleis vi i fellesskap skal prioritere innsatsområder og ressursar best mogleg i fellesskap. Det er nedsett eit nytt avtaleutval som gjennom 2023 skal sikre god gjennomgong og revisjon av avtaleverket mellom Helse Førde og kommunane. Utover dette syner årsmeldinga utviklingsarbeid, faste møteforum, samarbeid og konferansar som kommunane og Helse Førde samarbeidar om i kvardagen. Elin Sørbotten, interkommunal samhandlingskoordinator. Sist endra 13.03.2023 08.50