Demensomsorgas ABC i Sunnfjord kommune

Tysdag og torsdag førre veke vart det organisert fagseminar i Demensomsorgas ABC for Sunnfjord kommune. 

Målet med ABC-programma er at dei tilsette i helse- og omsorgsteneste skal få oppdatert fagkunnskap på ulike område. Noreg får ein eldre befolkning i åra framover, det gir fleire personar med demens og derfor eit større behov for kompetanse og ressursar.

For å sikre at fagseminaret vart gjennomført forsvarleg med tanke på smittevern, vart dei påmeldte delt opp i fleire gruppe fordelt på ulike plassar. Til dømes satt nokon i Førde, nokon i Naustdal og nokon i Skei. Sjølve fagseminaret vart gjennomført i fellesskap digitalt.

 

 

ABC-programmet legg opp til at dei tilsette skal jobbe saman med gruppearbeid, for å dele erfaringar og diskutere ulike case. Sjølvsagt gir ei slik hybrid-digital samlingsform ikkje like gode moglegheiter til dialog. Vonar at det blir mogleg på neste samling i september.

Dagane starta med ei introduksjon til ABC-opplæringa, eit felles gruppearbeid med fokus på erfaringar og gruppeprosessar. Til slutt vart det ein introduksjon til demens, frå Toril Marie Terum, som gjekk gjennom kommunikasjon og samhandling i møte med personar med demens.  

Fleire bilde av dei som vart samla i Førde: