Mitt livs ABC seminar haust 2021

Vi er klare for nye ABC seminar. Her kjem litt info om Mitt livs ABC til hausten.

Organisering

I haust kjem vi til å arrangere fellesfagseminar 2 for Mitt livs ABC perm 1 og 2. Dette blir den 27. oktober  og det er blir derfor ikkje noko seminar 22. september slik som tidlegare førespegla. Vi planlegg for eit fysisk seminar på Thon hotell på Skei. Det vil også vere mogleg å delta digitalt, men vi ønskjer at flest mogleg møter fysisk. Ønskjer ein å vere med digitalt bør ein sitte samla i ABC-gruppene. Meld frå til meg dersom dette er aktuelt.

 

Dersom koronasituasjonen endrar seg slik at det ikkje vil vere trygt å gjennomføre fysisk seminar, vil heile fagseminaret bli omgjort til digitaltseminar. 

 

Tema:

«Tvang og makt»

Vi får førelesar både frå Statsforvaltaren i Vestland, Vaksen habiliteringa i Helse Førde og Sunnfjord kommune.

 

Praktisk info:

Stad: Thon hotel Skei

Tid: 27.oktober, kl 9.30- 15.00

Pris per deltakar er 250 kr

Påmeldingsfrist: 8. oktober

 

Påmelding skjer i ABC- registreringa og ein vil bli fakturert i etterkant av seminaret.

 

Meir detaljar og program skjer seinare.

Kontakt

Anne Marte Sølsnes
Utviklingskoordinator
E-post
Telefon 57 61 26 53
Mobil 97 12 14 21