USHT

Vi tilbyr VIPS-basiskurs

Vi tilbyr VIPS-basiskurs

Nasjonal faglig retningslinje om demens slår fast at tenestene til personar med demens skal vere personsentrerte. I det ligg at tenestene tar omsyn til korleis personen opplever sin situasjon, og legge til rette omsorg og behandling ut frå dette.

VIPS praksismodell (VPM) er en modell for å implementere personsentrert omsorg i kommunehelsetenesta. Gjennom strukturerte fagmøte analyserer og diskuterer personale spesifikke situasjonar. Utgangspunktet for diskusjonane skal vere korleis personen med demens ser ut til å oppleve situasjonen. Målet er å skape eit støttande sosialt miljø rundt kvar einskild brukar, og bidra til at personen med demens opplever gode og meiningsfylte dagar. Forsking på VIPS viser ei positiv utvikling hos pasientar og erfaringsmessig gir det eit betre og meir fagleg arbeidsmiljø. For meir informasjon, sjå Aldring og Helse sine nettside.

For å komme i gang med VIPS anbefaler vi i USHT at personalet og leiar deltar på eit basiskurs over to dagar. USHT ynskjer i tillegg å vere ei hjelp når de startar opp i eiga avdeling, etter gjennomført basiskurs. 

Ta elles kontakt med Toril Marie Terum eller Marta Strandos dersom de har spørsmål.

VIPS praksismodell (VPM) - Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse

Kontakt

Marta Strandos
Leiar for utviklingssenteret
E-post
Telefon 57 61 26 54
Mobil 415 26 416

  

Toril Marie Terum
Utviklingskoordinator
E-post
Telefon 57 72 60 51
Mobil 996 10 534