Fagnettverk eldremedisin/eldreomsorg: Samling 20. Oktober Fagnettverket eldremedisin / eldreomsorg arrangerer to fagdagar i året. Tema blir valt ut frå nasjonale satsingsområde og lokale prioriteringar. Målgruppe Tilsette i kommunale helse- og omsorgstenester og i spesialisthelsetenesta. I tillegg er det ynskjeleg med faste ressurspersonar i nettverket. Fagutviklingssjukepleiarar eller andre med tilsvarande roller/funksjonar vil vere særleg relevant. Tema Kva inneber det å bli eldre og leve som gammal, og kva er viktig for eldre i møte med alderdommen? Innlegg Alle vil leve lenge, men ingen vil bli gamle v/ Runar Bakken. Gerontolog, sjukepleier og dosent emeritus v/ Universitetet i Sørøst-Norge Aldersvennleg samfunn med fokus på digitalisering og teknologiske løysingar v/ Martha Therese Gjestsen. Forskingskoordinator, SESAM Korleis erfarar heimebuande eldre og deira pårørande møtet med alderdom og skrøpelighet, og kva er viktig for dei? v/ Bente Egge Søvde, Phd-kandidat, Høgskulelektor, HVL Å forske i sjukeheim v/ Kristin Aas Nordin og Martha T. Gjestsen, SESAM Program Haustens fagdag blir arrangert 20. oktober 2022 Thon Hotell Førde kl. 09.20 – 15.30. Påmeldingsfrist 30. september. Påmelding er stengd. Sist endra 09.02.2023 10.08