God deltaking og sterke inntrykk på fagdagen 31. oktoberFagnettverket eldremedisin/eldreomsorg har demens som tema dette året. Fokuset på denne samlinga var den heimebuande personen med demens og deira pårørande. Sterkast inntrykk gjorde nok innlegget og historia til Janniche Granerud, som har Alzheimer, og hennar ektefelle Hildegunn Fredheim. Sjå gjerne filmen som Dagbladet har laga (lenke i hø. menyfelt). Janniche og Hildegunn er begge med i erfaringspanelet til Nasjonalforeningen for folkehelsen. Dei deltok på pårørandeskulen i Førde kvelden før. Mona Michelet frå Nasjonal kompetansetjeneste Aldring og helse hadde hovudinnlegget for dagen med tema: "Kva er viktig for deg i tidleg fase med demenssjukdom?". Ho presenterte erfaring og kunnskap frå Demensplan 2020-prosjekt. Viktige moment: Korleis få kontakt og komme på bana? Kontaktperson og systematikk i oppfølginga Kunnskap, informasjon og støtte Dei viktige aktivitetane og nettverket Dagaktivitetstilbod Sikre gode tenester Velferdsteknologi Oddlaug Wergeland Kvame og Margrete S. Røneid bidrog med lokale erfaringar frå prosjekta i Sunnfjord og Luster. "Den som er sterk, må også vere veldig snill" var tittelen på innlegget til Toril Midtbø, HVL. Toril løfta opp etiske problemstillingar, erfaringar og kunnskap rundt sjølvråderett, makt og omsorg. Eit tankevekkande føredrag, som la eit godt grunnlag for vidare refleksjon. Leverandørar av teknologi som støttar opp under meistring og aktivitet deltok med utsilling og korte presentasjonar. "På innsiden av demensen" Hva er viktig for deg i tidlig fase. Mona Michelet, Aldring og helse (PDF, 890 kB) Den som er sterk, må også vere snill. Toril Midtbø, HVL (PDF, 454 kB) Publisert av: Marta Strandos Publisert: 01.11.2019 14.40 Sist endra 08.12.2020 10.13