USHT

Forbetringsutdanning kommunar

Forbetringsutdanning kommunar

Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) har i samarbeid med Helse Førde starta ei forbetringsutdanning innan kvalitet- og pasienttryggleiksarbeid for kommunar og Helse Førde med oppstart nov. 2019. 

 

Forbetringsutdanning for kommunar og Helse Førde

Utdanninga legg vekt på at deltakarane får kunnskap om forbetringsmetodikk knytt til praksis. Ein god måte å lære dette på, er å nytte metodane i eit forbetringsarbeid parallelt med utdanninga. Målgruppe er einingsleiarar, avdelingssjukepleiar eller ressurspersonar som driv fagutviklingsarbeid. Deltakarane vel i forkant av utdanninga eit tema som arbeidsplassen treng forbetring på. Det kan vere nyttig å knytte tema til reforma, Leve heile livet eller innsatsområda I Trygge hender 24/7. Utdanninga er planlagt med tre fysiske samlingar over ni månader, der USHT vil ha ansvar for å rettleie deltakarar på og mellom samlingane.

Som følge av koronavirus vår -20 er opplegget for utdanninga endra til eit lengre løp frå Jan-20- mars 21, med kortare digitale samlingspunkt.

Kursplan Forbetringsutdanning 2020-2021 (PDF, 594 kB)

Kontakt

Berit Ullebust
Kreft- og utviklingskoordinator
E-post
Telefon 57 61 28 18
Mobil 948 24 254