USHT

Tredje samling

Arbeidsoppgåver og møtepunkt hausten 2021

Vi er klar for å starte opp med "Gode pasientforløp" igjen.Her kjem litt informasjon om hausten.

Arbeidsoppgåver før tredje samling

Mellom andre og tredje samling bør forbetringsteamet vektleggje gjennomføring,  informere og inkludere dei som er berørt i arbeidet.

For å sikre informasjonsflyt og involvering innad i kommunen, bør det utarbeidast ein plan for å dele informasjon om det pågåande arbeidet. – slik det blei informert om på første samling. Det kan blant anna skje ved at posteren er lett synleg på arbeidsplassen, informasjonsdeling i møter, på intranett eller i nyhendebrev.

 

Videre bør forbetringsteamet arbeide med desse punkta:

  • Informere og sikre forankring hos leiinga
  • Styrke brukarrolla
  • Gjennomføre tiltaka, måle og justere
  • Lage poster

 

Les meir om dette i Kompendium for Gode pasientforløp

 

Før rettleiing  den 14. september ønskjer vi i USHT tilbakemelding frå dykk på:

 

1.       Problemstillingane de arbeider med

2.       Kva områder/tema ønskjer dykk rettleiing på

3.       Oppdatert teamoversikt med deltakarar ( sjå eige vedlegg)

 

Frist for tilbakemelding er 3. september

 

 

Viktige datoar denne hausten

 

Dato

Tema

14.sept

Rettleiing med teamleiarane

19., 21. og 26. okt.

Rettleiing med heile teamet  Eigen plan: Gode pasientforløp. Plan for rettleiing 2021, Sogn og Fjordane (PDF, 624 kB)

1-2. des.

Tredje samling

 

Skjema for Heilhetleg pasient forløp i heimen

Her finn de ein redigerbar versjon av HPH-modellen slik de kan lage dykkar eigen og to eksempel frå korleis andre kommunar har løyst dette.

Helhetlige pasientforløp i Hjemmet (HPH) (PPTX, 12 MB)

HPH Surnadal (PPTX, 194 kB)

HPH Volda PDF (PDF, 428 kB)

 

Eksempel frå andre kommunar

Om de ser på YouTube-filmen frå Erfaringskonferansen Gode pasientforløp 2021 presenterer Nye Lyngdal kommune korleis dei  hadde nytte av Gode pasientforløp i planlegging av kommunesammenslåing.  Innlegget er ved virksomhetsleiar i heimetenesten, Anne Sanden Kvinen.

 

Ønskjer alle lykke til vidare med det gode arbeidet som er starta og ta kontakt om de har spørmål