Gode pasientforløp 1-2. desember.

Nasjonalt læringsnettverk for Gode pasientforløp i Sogn og Fjordane hadde tredje samling onsdag 1. og torsdag 2. desember 2021

 

Dei lokale forbedringsteama skulle evaluere og justere eige arbeid med forbetring av pasientforløp for alle voksne som mottar teneste frå kommune eller sjukehus. På dag 1 var òg sjukehusdirektørar og kommunalsjefane invitert til å vere med.

Vi fekk høyre leiar for felles brukarutval fortelje om korleis ein arbeider med brukarmedverknad på systemnivå i Helse Førde sitt opptaksområdet. Elin Sørbotten og Marte Ulltang hadde ein god gjennomgang av kva som er problematisk med samhandlinga i dag og korleis vi kan arbeida med dette i fellesskap. Rudi Kirkhaug og Christine Haga fortalde godt om etisk refleksjon som eit viktig del av å skapa gode tenester, og at dette er viktig på alle nivå, også for leiarar. Vi fekk og nyttige døme på korleis ein har jobba med Gode pasientforløp i Birkenes kommune.

Elin Sørbotten og Marte Ulltang 

Anders Grimsmo fortalde om viktigheita av generelle pasientforløp (ikkje diagnosespesifikke) og korleis få til gode tenester for pasientar med alvorlege helseutfordringar.

Dag to fekk vi ein grundig innføring om målingar og korlei ein bør gjennomføra dei i praksis. Vidare bestod dagen av gruppearbeid i forhold til målingar, og korleis få det til i kvar enkelt kommune.

Heilt til slutt  introduserte Anders Vege eit ynskje om at Sogn og Fjordane og Helse Førde neste år skal få samhandlingsprisen. Spørsmålet til samlinga var: kva må til for å nå det målet? Forbetringsteama jobba med å setje opp tydelege tiltak for at det skulle bli mogleg.

Presentasjonar frå samlinga finn du her

Under kan  du sjå nokre fleire bilete frå samlinga.