Klinisk Observasjonskompetanse (KlinObs)Kommunane mottar stadig sjukare pasientar og brukarar. Derfor må tilsette i helsetenestene få styrka akuttkompetansen sin. Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester (USHT) tilbyr i samarbeid med ambulansesjukepleier, Helse Førde eit fagleg opplegg for å styrke den kliniske observasjonskompetansen i kommunane. Målet er tidleg oppdaging av forverra tilstand hos pasientar og brukarar for å førebyggje alvorleg sjukdom og død. Det vert lagt vekt på teoretisk innføring og praktisk øving. Fokus i det faglege innhaldet er vitale målingar, ABCDE prinsippa og verkty for å risikovurdere og kommunisere observasjonar på ein systematisk måte. Opplegget består av tre fysiske samlingar a’ tre timar med teori, praktisk demonstrasjon og øvingar. Målgruppa er fagutviklingssjukepleiar eller andre ressurspersonar som skal ha ei rolle med å følgje opp klinisk observasjonskompetanse på eigen arbeidsplass. Deltakarar kan vere frå sjukeheim, heimetenester og bu- og miljøteneste. Tidspunkt for samlingane er: 3 okt. 17 okt. og 7 nov. kl.12.00-15.00 Stad: Vert avklart ut frå påmeldingar Påmeldingsfrist 22. sept. Påmelding til, eller meir informasjon kan du få hos Berit Ullebust (USHT): berit.helen.ullebust@sunnfjord.kommune.no Mobil: 94824254 Ta gjerne kontakt! Det kan bli avgrensingar i tal deltakarar pga. av ressursar til praktiske øvingar. Sist endra 04.09.2023 14.10
KlinOBS gjennomført i Luster kommune Luster Kommune har nyleg gjennomført KlinOBS – eit fagleg opplegg som set fokus på å auke klinisk observasjonskompetanse blant helsepersonell i kommun...