USHT

I trygge hender 24-7

Pasienttryggleiksprogrammet

Innsatsområder i Trygge hender 24-7 

I arbeide med pasientryggleik er hovudmål å redusere pasientskader, samt bygge varige strukturar for pasienttryggleik og forbetre pasienttryggleikskulturen i helsetenesta. I trygge hender 24-7 er det innført konkrete forbetringstiltak på utvalde innsatsområder for å betre pasienttryggleiken. Kvart innsatsområde har tiltakspakkar med dokumenterte tiltak som er klare til å innføre i helsetenestene.

Utviklingssenteret skal legge tilrette for spreiing av innsatsområda i I trygge hender 24-7. Dette har blitt gjort ved å arrangere fagdagar, læringsnettverk, videomøter og individuell rettleiing for kommunane.

I våre kommunar har vi hatt læringsnettverk på desse innsatsområda: 

  • Førebygging av fall
  • Rett legemiddelbruk i sjukeheim
  • Førebygging og behandling av underernæring
  • Leiing av pasienttryggleik

Ta kontakt med oss dersom du ønskjer meir informasjon og erfaringar frå vår region. Du kan lese meir om alle innsatsområda I trygge hender 24-7 her

Vi arrangerer også Forbetringsutdanning for alle våre kommunar og Helse Førde. Her har vi fokus på metodeverktøyet som blir brukt i arbeide med pasienttryggleik. Du kan lese meir om denne utdanninga her.