USHT

Lindrande plan og tiltakspakke for Livets siste dagar

Lindrande plan og tiltakspakke for Livets siste dagar

Sunnfjord kommune har søkt og fått tildelt midlar frå Helsedirektoratet til innføring av Lindrande plan og tiltakspakke for Livets siste dagar.

Prosjektet er eit samarbeid mellom ressurssjukepleiarar i lindrande behandling og kreftomsorg i Sunnfjord kommune, kreftkoordinator og Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester. Hovedmålet ved innføring av plan og tiltakspakken, er å bidra til at alvorleg sjuke og deira pårørande opplever god kontinuitet, behandling og heilskapleg omsorg under sjukdom og ved livets slutt.