USHT

Livets siste dagar

Livets siste dagar

Erfaringar frå arbeid med alvorleg sjuke har vist behov for betre rutinar i behandling av døyande og oppfølging av pårørande. Vi ser også behov for å betre dokumentasjon og kontinuitet rundt den alvorleg sjuke pasienten ved hjelp av palliativ plan.

Tiltakspakke for Livets siste dagar og Palliativ plan

For å bidra til å forbetre rutiner og system kring døyande og deira pårørande vil Førde kommune implementere tiltakspakke for Livets siste dagar på Førde Helsetun og Heimetenesta. Kommunen har fått tildelt midlar frå Helsedirektoratet til dette arbeidet. Prosjektgruppa består av kreftkoordinator,ressurssjukepleiarar i heimeteneste og sjukeheim.Kompetansesenter i lindrande behandling Helseregion Vest (KLB) har funksjon som koordinerande senter for bruk av Livets siste dagar.

Livets siste dagar

Livets siste dagar er ein plan for lindring i livets sluttfase, og er fundert på internasjonale prinsipp og nasjonale tilrådingar for omsorg til døyande. Bruk av ein slik plan kan sikre ei felles ramme og struktur for behandling, pleie og omsorg i sluttfasen av livet. Livets siste dagar er ei vidareutvikling av Liverpool Care Pathway (LCP), og er tilpassa for bruk i Noreg.Livets siste dagar kan nyttast ved forventa dødsfall hos vaksne, uavhengig av pasienten sin diagnose. Det er kriterium som må følgast for å ta planen i bruk. Bruken av planen skal fortløpande vurderast og alltid revurderast dersom pasienten sin tilstand vert betre, dersom det vert uttrykt tvil, bekymring eller usemje rundt bruken av planen, eller planen er brukt i inntil tre døgn.

Palliativ plan

Palliativ plan har som mål å betre dokumentasjon og kontinuitet for dei som er involvert kring den alvorleg sjuke. Vidare skal planen bidra til at alvorleg sjuke får eit heilskapleg, koordinert og individuelt tilpassa tenestetilbod.Planen skal også bidra til å styrke brukar sin medverknad og styrke samhandling mellom tenesteytarar, brukar og pårørande.

NORPAL er eit interkommunalt prosjekt i Nordfjordkommunar som vart starta i 2016, der Vågsøy er ansvarskommunen. I dette prosjektet vart det mellom anna utarbeidd ein palliativ plan og heimemappe. Førde kommune ynskjer å implementere palliativ plan etter NORPAL sin mal, og tilpasse denne til kommunen sin praksis og rutiner.

Sjå også: Komptansesenteret i lindrangde behandling. Helse region Vest

 

Kontakt

Berit Ullebust
Kreft- og utviklingskoordinator
E-post
Telefon 57 61 28 18
Mobil 948 24 254