USHT

Invitasjon og påmelding til første samling

Invitasjon og påmelding til første samling

Vi inviterer til Nettverk for leiing og kvalitetsarbeid i sjukeheim. Målgruppa er sjukeheimsleiarar og deira ressurspersonar i kontinuerleg kvalitetsarbeid. Første samling er i februar, og blir regionsvis.

Nettverkssamlingane vil ta utgangspunkt i behova i praksis. Tema og fokus for kvalitetsarbeid blir prioritert ut frå deltakarane sine innspel og behov. Deltakarane vil bli kjent med «Tryggleiksstandard i sjukeheim», som er eit digitalt verktøy som skal støtte sjukeheimsleiarar i organisering og systematisk oppfølging av kvalitetsarbeid.  USHT vil tilby rettleiing i bruk av innhaldet.

Det blir lagt til rette for erfarings- og kompetansedeling, refleksjon og forbetringsarbeid.  

Organisering

  • Regionsvise samlingar (kan bli endringar undervegs)
  • To samlingar i året, der minimum ei samling er fysisk
  • Vurdere fysiske/digitale samlingar etter tema og behov

Første samling:

  • Sogndal, Quality Hotel Sogndal, 9.februar kl 10-15
  • Førde, Thon Hotel Førde,  14.februar kl 10-15
  • Nordfjordeid, Nordfjord Hotel, 16. februar kl 10-15

Pris: Dagpakke på hotell mellom 600-700 kr pr. pers. (varierar litt frå stad til stad)

Påmeldingsfrist: 6.januar 2023

Påmelding er bindane.

Det vil vere ein fordel om deltakarane frå same kommune melder seg på den same dato/stad.

Påmelding er stengd.