USHT

Om observasjonskompetanse

Om observasjonskompetanse

Klinisk observasjonskompetanse  handlar om tidleg oppdaging og rask respons ved forverra somatisk tilstand hos menneske. KlinObsKommune er ein trinnvis modell basert på kunnskap og erfaringar frå kommunehelsetenesta innan fagområdet klinisk observasjonskompetanse.

Informasjon om KlinObs kommune

På grunn av kort liggetid i sjukehus, sjukare pasientar, fleire eldre med sammensette lidingar vert det det no stilt større krav enn tidligare til helsepersonell sin helsefaglege kompetanse i kommunane. Erfaringar viser behov for felles standardiserte læringsressursar innan klinisk observasjonskompetanse. Den trinnvise modellen viser korleis denne kompetansen kan byggast gradvis opp. Modellen tar utgangspunkt i Nasjonale faglege råd for tidlig oppdaging og rask respons ved forverra somatisk tilstand (Helsedirektoratet, 2020).

Utviklingssenteret vil i samarbeid med Ambulansetenesta, Helse Førde tilby kommunane eit standardisert opplæringsprogam basert på denne modellen. Målgruppe er sjukepleiarar med vidareutdanning i akutt sjukepleie, fagutviklingssjukepleiarar eller andre ressurspersonar som er komfortable med å undervise og lære opp kollegar. Programmet vil bestå av fire video-undervisningar med demonstrasjon av praktiske øvingar. Målet er deltakarar tileignar seg tilstrekkeleg teoretisk og praktisk observasjonskompetanse til å drive opplæring og systematiske øvingar med personale på eigen arbeidsstad.