USHT

Velferdsteknologi i Sogn og Fjordane

Velferdsteknologi i Sogn og Fjordane

Dei komande åra er det venta ei auke av eldre, saman med ei veksande gruppe av yngre brukarar av helse- og omsorgstenester, men ikkje tilsvarande auke i tal helsepersonell. Velferdsteknologi er fremja som eit av virkemidla for å møte utfordringane, og skal bidra til innovasjon og auka kvalitet i tenestene.

Fylkesprosjektet - eit felles løft

Samarbeid om velferdsteknologi i kommunane i tidlegare Sogn og Fjordane starta i 2014. Initiativtakarane var USHT og Vestlandsforsking/ IT-forum i Sogn og Fjordane. Det vart etablert ei arbeidsgruppe under IT-forum, og satsinga har fått årleg støtte av fornyingsmidlar hjå Fylkesmannen.

Fokusområda år for år:

2014: Mobilisering og forankring, kartlegging av status
2015: Utvikling og testing av velferdsteknologiske løysingar i pilot-kommunar
2016: Frå prosjekt og pilotar til operative løysingar
2017: Spreiing steg for steg
2018-2019: Alle skal med

 

2017-2021: "Alle er med"

Opptak i nasjonalt velferdsteknologiprogram 

Fylkesprosjektet la grunnlaget for opptak i det nasjonale velferdsteknologiprogrammet (NVP) i 2017. Ni kommunar var med frå 2017, dei andre kom med i 2019.

NVP er eit samarbeid mellom KS, Helsedirektoratet og Direktoratet for e-helse. Gevinstrapportar frå det nasjonale programmet viser at velferdsteknologiske løysingar kan gje auka tryggleik, meistring og sjølvstende, slik at fleire kan bu lenger i eigen heim. Ein viser også til betre kvalitet og meir effektiv bruk av ressursar.

Velferdsteknologi blir sett på som eit viktig virkemiddel mot dei framtidige utfordringane innan omsorgstenesta der ein vil få ei stor auke i behov for teneste rundt om i kommunane. Målet er at velferdsteknologi skal vera ein integrert del av tenestetilbodet i omsorgstenesta innan 2020.   

 

Kommunane 

Tidlegare Førde kommune, no Sunnfjord, er søkjarkommune og prosjekteigar, og prosjektleiinga er lagt til utviklingssenteret.

Alle kommunane har eigne prosjektgrupper. Dei arbeider systematisk etter metodikken i Veikart for tenesteinnovasjon. I 2020-2021 er hovudfokuset:

  • Gevinstrealisering
  • Heilskapleg tenesteforløp
  • Personvern- og informasjonstryggleik
  • Responssenter

Prosjekta får prosessrettleiing av PA Consulting i arbeidet med tenesteinnovasjon

 

 

Prosjektleiar: Kjell Olav Bondevik, tlf 92872797,
epost:
kjell.olav.bondevik@luster.kommune.no