USHT

Oppstart av videokommunikasjon i kommunar i tidligare Sogn og Fjordane

Oppstart av videokommunikasjon i kommunar i tidligare Sogn og Fjordane

12. mars kom meldinga om at omsorgssenter og institusjonar i heile Noreg ville verte isolert på​​  grunn av utbruddet av Covid-19. På grunnlag av dette meldte det seg umiddelbart eit behov for bebuarar og pårørande for å kunne halde kontakt med kvarandre på andre måtar.

Velferdsteknologiprosjektet i Sogn og Fjordane starta med å kartlegge behovet for å ta i bruk digitale kommunikasjonsverkty i prosjektkommunane, og det viste seg at behovet var stort.

Det vart sendt ut informasjon om digitale kommunikasjonsløysingar  til kommunalsjefane, samstundes som det vart sendt ut ei oppmoding til IKT-samarbeid og IKT-avdelingar i kommunane om å gi rask brukarstøtte om nokon ynskte å setje i gong med digital kommunikasjon.

Nyhenda om at Sparebanken Sogn og Fjordane og Sparebankstiftelsen Sogn og Fjordane ville kjøpe nettbrett for 400 000 kr til alle omsorgssenter i det som tidligare var kommunar i Sogn og Fjordane, fekk ballen til å rulle enda raskare. USHT og Sparebanken etablerte eit samarbeid for å få rulla ut nettbretta, og før påske var samtlige nettbrett delt ut.

Ein stor takk til dei lokale prosjektleiararane i Velferdsteknologiprosjektet i Sogn og Fjordane,  som verkeleg har gjort sitt for å få videokommunikasjon så raskt i gang.

Velferdsteknologiprosjektet og USHT tilbyr støtte og rettleiing i bruk av nettbretta. Det er utvikla ein kvikk-guide og ein introduksjonvideo til bruk av iPad/nettbrett og Whereby:

Kvikk-guide Whereby (PDF, 2 MB)

Video - korleis komme i gong med Whereby

Artikkel om prosjektet i KS 


Vil du vite meir? Ta gjerne kontakt med oss.

Kjell-Olav Bondevik, prosjektleiar
kob@luster.kommune.no

Annette Eri Norevik, prosjektkoordinator
annette.eri.norevik@sunnfjord.kommune.no