Samtalar om velferdsteknologi og framtidas omsorgskrise

USHT har laga støttemateriale til mellom anna Velferdteknologiens ABC og andre passande delingsforum. Her vil det kome fleire videoar og dei er delt opp etter tematikk.

  

I videoprosjektet har vi vore innom tema som: Kvifor velferdsteknologi? Mellommenneskeleg kontakt, Framtidas omsorgkrise, Vegkart for tenesteinnovasjon, Heilhetlig tenestemodell, Ulike typar teknologi, Lovverk, Nytte for pasient og Nytte for samfunn.

Når heile videoprosjektet er ferdigstilt vil det bli organisert i ei spilleliste.  Jamnt vil vi leggje ut nye videoar i denne saka.

Velferdsteknologi gir betre kvardag:
Kjell Olav Bondevik fortel om korleis enkle teknologiar kan bety mykje for kvardagen til brukarane.

Smarte løsningar er betre for alle:
Kjell Olav Bondevik og Annette Eri Norevik fortel om korleis bruk av enkle teknologiar kan heve kvalitet i tenesta og gi menneske meir tid til å gjere det dei er gode på.