Velferdsteknologi i Sogn og Fjordane

I Noreg, som i andre vestlege land, har velferdsteknologi fått vesentleg auka merksemd dei siste åra. Interessa er særleg knytt til ei venta auke i tal personar med behov for pleie- og omsorgstenester utan tilsvarande auke i tal helsepersonell. Velferdsteknologi er ei av løysingane som skal gjere helse- og omsorgssektoren i stand til å oppretthalde kvaliteten på tenestene i åra framover når ein samstundes skal yte meir omsorg med færre hender.

 

2014
Fylkesprosjektet vert til

I 2014 tok USHT initiativ til eit samarbeid med ulike familjø og kommunar som hadde interesse for, eller som allereie arbeidde med temaet. Ei prosjektgruppe vart etablert under IT-forum i Sogn og Fjordane, leia av USHT og med Vestlandsforsking som sekretariat.

Les meir om fylkesprosjektet her.

 

2017 - 2018
Sogn og Fjordane er med!

På bakgrunn av fylkesprosjektet søkte ein om opptak i "Nasjonalt program for velferdsteknologi". Programmet tok opp 197 kommunar, der 9 av kommunane var i frå Sogn og Fjordane; Eid, Fjaler, Florø, Gloppen, Hyllestad, Jølster, Leikanger, Luster og Førde.

Les meir om prosjektet 2017 - 2018 her.

 

2019 - 2020
Velferdsteknologi i Sogn og Fjordane - saman om ei teneste i endring

I 2019 kom alle kommunane i Sogn og Fjordane med i "Nasjonalt program for velferdsteknologi". 24 av kommunane er knytt til prosjektet i Sogn og Fjordane, medan 2 kommunar er knytt til andre prosjekt. 

 

Les meir om prosjektet 2019 - 2020 her.