Tidlegare IT-forum Sogn og Fjordane er blitt til IT-forum Vest.
På heimesida skriv dei: "Gjennom eit utvida regionalt samarbeid mellom næringsliv, offentlege aktørar og FoU-miljø,  løftar vi i lag og forsterkar rolla som ein viktig utviklingspartnar i det nye Vestland."

 

 

Med bakgrunn i det mangeårige samarbeidet rundt velferdsteknologi i Sogn og Fjordane og tilsvarande arbeid i Hordaland, gjekk vi i Vestland saman om ein felles søknad om fornyingsmidlar 2020.

Prosjektet «E-helse Vestland – Etablere Vestland som ein kraftregion for bruk av teknologi i helse- og omsorgstenesta» fekk tildelt heile søknadssummen på kr 3 250 000!