Rapport frå evaluering av pilotar, Fylkesprosjektet 2015-2016

Fase 2 av fylkesprosjektet "Velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane" starta våren 2015. Med tittelen "Praksisnær kunnskapsutvikling og innovasjon i kommunane si pleie- og omsorgsteneste" var målet å etablere konkret kunnskap gjennom utviklingsprosjekt knytt til velferdsteknologi.

 

Fase 2 har hatt fem delprosjekt / pilotar

  1. Felles kunnskapsutvikling for alle kommunane
  2. Ressursgruppe for kommunal utbygging og velferdsteknologi
  3. Tryggleikspakkar
  4. Meistring av eigen medisinering
  5. Aktivisering med sykkel og video

Denne rapporten evaluerer punkt 3, 4 og 5 på lista.