Velferdsteknologikonferansen på Skei 11.februar 2016

Stor deltaking på konferansen. Ivar Petter Grøtte orienterar om EU-prosjektet "Improve". - Klikk for stort bilete

120 deltakarar møtte på Skei hotell då fylkesprosjektet «Velferdsteknologi for kommunane i Sogn og Fjordane» la fram resultata frå fase 2 av prosjektet. Konferansen omhandla erfaringar med planlegging og implementering av velferdsteknologi i 8 pilotkommunar i fylket.

Konferansen vart opna av assisterand fylkesmann Gunnar O. Hæreid.  Han viste til at Sogn og Fjordane kanskje ikkje er det fylket som er komen lengst i satsing på velferdsteknologi, men påpeikte at ein har alle føresetnader for å lukkast gjennom gode samarbeidsstrukturar, og at fylkesprosjektet innan velferdsteknologi er eit godt døme på dette.

Ass. fylkesmann Gunnar O. Hæreid, Hilde Corneliussen og Marta Strandos, prosjektgruppa - Klikk for stort bileteSom ein introduksjon til fylkesprosjektet, og som bakteppe for konferansen informerte Hilde G. Corneliussen, forskar ved Vestlandsforsking og Marta Strandos, leiar for USHT i Sogn og Fjordane, om fase 1 og 2 i prosjektet.

Helsedirektoratet var representert ved seniorrådgjevar Lasse Frantzen. Han orienterte om status for det nasjonale velferdsteknologiprogrammet og at programmet no er overført til direktoratet for E-helse. Kommunane må slutte å pilotere og i staden bygge på andre sine erfaringar og ta teknologien i bruk, var hans klare melding til kommunane.

Pilotkommunane presenterte sine delprosjekt med vekt på praktiske erfaringar ved utprøving av konkret teknologi. Både Årdal kommune og Jølster kommune har pilotert bruk av tryggleikspakkar i høvesvis heimetenesta (private heimar) og  i omsorgsbustader for heildøgns omsorg og pleie. Gloppen kommune har vore pilot for utprøving av medisindispensarar i heimetenesta, og Vik kommune la fram resultat frå bruk av sykkel og video  i pleie og omsorgstenesta. I samarbeid med Vågsøy, Stryn og Sogndal  har Eid kommune hatt sitt fokus på kommunal utbygging og bruk av velferdsteknologi.

Roy Humlestøl ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane - Klikk for stort bileteAlarmsentralen i Florø var representert  ved Roy Humlestøl. Sentralen er eigd av 24 kommunar i fylket og leverer om lag 2000 tryggleiksalarmar til desse. Sentralen har vore ein viktig samarbeidspart i delprosjekta til både Årdal og Gloppen. Alarmsentralen er i gang med digitalisering av alarmar og skal etter planen vere ferdig i 2017.

Mange leverandørar var tilstades på konferansen med  informasjon om sine løysingar, og der deltakarane også kunne stille spørsmål om utstyret som var teken i bruk i dei  aktuelle pilotprosjekta.

Som siste punkt på agendaen informerte Ivar Petter Grøtte, Vestlandsforsking og IT-forum, om ambisjonar for neste fase av velferdsteknologi i kommunane i Sogn og Fjordane. Behova for å lære meir, etablere ytterlegare kjennskap til og praktiske erfaringar med velferdsteknologi, er fortsatt stort. Målet med konferansen var dermed ikkje berre å setje sluttstrek for fase 2, men og å invitere til vidare utvikling og samarbeid på tvers av kommunar og institusjonar i fylket.

Alle presentasjonane frå konferansen finn du på IT-forum si heimeside.