Gjennomført regionale samlingar "Ein dag i rundkøyringa".

I arbeidet med å ta i bruk velferdsteknologi er «Veikart for tenesteinnovasjon» eit viktig verktøy; ein praktisk metodikk som skal setje kommunane i stand til å endre offentlege tenester for å møte framtida.

 

Klikk for stort bilete

USHT Sogn og Fjordane, Vestlandsforsking og KomUT, har i regi av Fylkesprosjektet for Velferdsteknologi i Sogn og Fjordane, avvikla tre regionale seminar med dette som tema.

 

127 deltakarar frå 21 kommunar har fått ei teoretisk og praktisk innføring i metodikken, der deltakarar frå dei ni "Spreiingskommunane" i fylket også delte sine erfaringar med bruk av verktya.

I høgremenyen finn de ein oversikt over metodikken med verkty.