Velferdsteknologi i klar vekst i Sogn og Fjordane

Klikk for stort bilete

Ei fersk undersøking viser at kommunane i fylket aukar takten med å ta i bruk velferdsteknologi.


På bildet ser vi nøkkelpersonane i samarbeidsprosjektet. Frå venstre Jan Olav Larsen, EKS; Marta Strandos, Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester i Sogn og Fjordane; Hilde G. Corneliussen og Ivar Petter Grøtte, Vestlandsforsking og IT-forum

Stor framgang frå 2014 til 2017

Undersøkinga som samanliknar status for velferdsteknologi i Sogn og Fjordane i 2014 og mot slutten av 2017 viser at kommunane no har kome mykje lenger i å ta i bruk velferdsteknologi.

 

Det har vore eit felles løft mellom ulike fagmiljø og kommunar for å auke innsatsen på velferdsteknologi. Det breie samarbeidet over fleire år viser no konkrete resultat. 

 

Sjølv når berre litt teknologi har vorte teke i bruk ser vi konkrete gevinstar – særleg i kommunar som har lange køyreavstandar mellom brukarane.

 

Felles løft gir resultat

Satsinga i Sogn og Fjordane starta i 2014. Utviklingssenter for sjukeheimar og heimetenester (USHT) tok saman med Vestlandsforsking initiativ til eit samarbeid med ulike fagmiljø og kommunar som hadde interesse for, eller som allereie arbeidde med temaet. Det vart etablert ei prosjektgruppe under IT-forum i Sogn og Fjordane. Denne er leia av USHT, og Vestlandsforsking er sekretariat.

 

bilde av personen: Marta Strandos

Marta Strandos

Arbeidsleiar
Telefon : 57 61 26 54
Mobil: 415 26 416