No vert det velferdsteknologi i heile fylket!


Alle kommunane i Sogn og Fjordane skal no ta i bruk ny teknologi i helse- og omsorgstenestene. Digitale hjelpemiddel skal gjere kvardagen endå betre for både brukarar og tilsette i kommunane rundt om i heile fylket. Målet er at folk skal kunne bu heime så lenge som mogeleg, og vonleg lengre enn det ein fekk til før.

 

Klikk for stort bilete


Nasjonalt program for velferdsteknologi omfamnar 328 kommunar i landet. Målet for Sogn og Fjordane var at «alle skulle med», og me er glade for å kunne annonsera at alle kommunane i fylket no er tilslutta programmet. 24 av kommunane er med i samarbeidsprosjektet «Velferdsteknologi i Sogn og Fjordane – Alle er med», to kommunar er tilslutta programmet i andre prosjekt. Førde kommune er prosjekteigar og det er leia av Utviklingssenter for sjukeheim og heimetenester i Sogn og Fjordane.

Det nasjonale programmet er eit samarbeid mellom KS, Helsedirektoratet og Direktoratet for e-helse. Gevinstrapportar frå det nasjonale programmet viser at velferdsteknologiske løysingar kan gje auka tryggleik, meistring og sjølvstende,  slik at fleire kan bu lenger i eigen heim. Ein viser også til betre kvalitet og meir effektiv bruk av ressursar.

Velferdsteknologi blir sett på som eit viktig virkemiddel mot dei framtidige utfordringane innan omsorgstenesta der ein vil få ei stor auke i behov for teneste rundt om i kommunane.  Målet er at velferdsteknologi skal vera ein integrert del av tenestetilbodet i omsorgstenesta innan 2020. 


Prosjekta får prosessrettleiing av PA Consulting i arbeidet med tenesteinnovasjon, og alle kommunane i samarbeidsprosjektet i fylket var samla til 1. workshop på Skei 7. mai. 

Prosjektet i Sogn og Fjordane er tildelt kr. 944 000 for 2019. I tillegg til midlane vil kommunane få rettleiing og støtte frå det nasjonale programmet, og frå ressurskommunar som har gjort seg erfaringar med implementering.

 

Prosjektleiar: Kjell Olav Bondevik, tlf 92872797,
epost:
kjell.olav.bondevik@luster.kommune.no

Velferdsteknologiprosjektet i Sogn og Fjordane har denne veka vore på to dagars samling i Florø.

 

Helsedirektoratet arrangerte samling for nye prosjekt i det nasjonale velferdsteknologiprogrammet 2. - 3.  april.

 

 

bilde av personen: Kjell Olav Bondevik

Kjell Olav Bondevik

Prosjektleiar
Mobil: 92872797
bilde av personen: Annette Eri Norevik

Annette Eri Norevik

Utviklingskoordinator
Telefon : 57 72 21 38
Mobil: 473 67 111