Handlingsplan 2024 gir ei oversikt over prioriterte satsingsområde og planlagde aktivitetar dette året. Samstundes føl vi opp førespurnader og aktuelle problemstillingar fortløpande. Organisering og val av metode/arbeidsmåte er forankra i samfunnsoppdraget. USHT Vestland (Sogn og Fjordane) legg i sitt arbeid stor vekt på å synleggjere samanhengar i nasjonale føringar, tek utgangspunkt i den enkelte kommune/teneste sine behov og gjer lokale tilpassingar.
Kompetansen i USHT, forankring og støtte i vertskommunen, og eit godt samarbeid med praksisfeltet, utdannings- og forskingsinstitusjonar, er viktige føresetnad for å lukkast i rolla som pådrivar for fag- og tenesteutvikling i kommunehelsetenesta.
Nasjonale innsatsområde for 2024
I tråd med føringane frå Helsedirektoratet, vil USHT Vestland (Sogn og Fjordane) ta utgangspunkt i kommunane sine behov og vidareføre nettverksarbeid og pågåande arbeid frå 2022.
Dei nasjonale innsatsområda for 2024 er:
- Bu trygt heime
- Lindrande behandling og omsorg
- Pårørandestrategien
- Ernæringsstrategien
- Tryggleiksstandard
- Demensplan 2025
- Kvalitet i tenester til personar med utviklingshemming
Pasienttryggleik, kvalitetsforbetring og velferdsteknologi vil bli sett i samanheng med satsingsområda.
Vår visjon - Utvikling gjennom kunnskap!
Handlingsplan 2024 USHT Vestland (Sogn og Fjordane) (PDF, 461 kB)
Årsrapport 2023 USHT Vestland (Sogn og Fjordane) (PDF, 605 kB)