Handlingsplan 2022 gir ei oversikt over prioriterte satsingsområde og planlagde aktivitetar for perioden. Samstundes fylgjer vi opp førespurnader og aktuelle problemstillingar fortløpande. Organisering og val av metodar/arbeidsmåtar er forankra i samfunnsoppdraget. USHT Vestland (Sogn og Fjordane) legg stor vekt på å synleggjere samanhengar i nasjonale føringar, ta utgangspunkt i den enkelte kommune/teneste sine behov og gjere lokale tilpassingar.
Kompetansen i USHT, forankring og støtte i vertskommunen og eit godt samarbeid med praksisfeltet, utdannings- og forskingsinstitusjonane er viktige føresetnad for å lykkast med pådrivarrolla i fag- og tenesteutvikling i kommunehelsetenesta.
Nasjonale innsatsområder for 2022:
- Kvalitetsreforma Leve heile livet
- Tryggleiksstandard i sjukeheim
- Demensplan 2025
- Pasienttryggleik og kvalitetsforbetring
- Kvalitet i tenester til personar med utviklingshemming
- Velferdsteknologi og digitale løysingar
Vår visjon - Utvikling gjennom kunnskap!
Handlingsplan 2022 USHT Vestland (Sogn og Fjordane) (PDF, 2 MB)