USHT tilbyr kurs i VIPS og TID

Nasjonal faglig retningslinje om demens slår fast at tenestene til personar med demens skal vere personsentrerte. Det fins ulike metodar for å implementere personsentrert omsorg og utvikle ein personsentrert omsorgskultur.

USHT Vestland (Sogn og Fjordane) tilbyr kurs og opplæring i VIPS og TID.

VIPS

VIPS praksismodell (VPM) er ein modell der dei tilsette i strukturerte fagmøte analyserer og diskuterer spesifikke situasjonar, med utgangspunktet i korleis personen med demens ser ut til å oppleve situasjonen. Målet er å skape eit støttande sosialt miljø rundt kvar einskild brukar, og bidra til at personen med demens opplever gode og meiningsfylte dagar. Forsking viser at VIPS reduserer førekomsten av aggresjon og psykotiske symptom ved demens, og har positiv effekt på arbeidsmiljøet.

For å komme i gang med VIPS anbefaler vi at personalet og leiar deltar på eit basiskurs over to dagar, og vel  ut 2-3 ressurspersonar som har ansvar for å leie fagmøta. For meir informasjon, sjå Aldring og helse si nettside.

TID

TID er ein tverrfagleg intervensjonsmodell som er anbefalt brukt i møte med åtferd som utfordrar, både i sjukeheim og heimetenesta. Metoden nyttar prinsipp frå kognitiv terapi og personsentrert omsorg, og forsking viser at TID er lett å ta i bruk, reduserer aggresjon og bidrar til betre livskvalitet hos personar med demens.

I arbeid med TID startar ein alltid med å gjennomføre ei brei kartlegging, der ein i tillegg til å undersøke og snakke med pasienten, systematisk kartlegg åtferda, hentar inn bakgrunnsopplysningar og gjennomfører legemiddelgjennomgang. I refleksjonsmøta (TID-møta) samlar ein personalgruppa, og analyserer ein spesifikk situasjon. Målet er at personale samlar seg om tiltak, tilpassa den spesifikke pasienten, prøver ut og evaluerer desse.

For å starte opp med TID må heile personalgruppa delta på eit basiskurs (5 timar). I tillegg vil 3-4 av personalet få opplæring som TID-administratorar (3 timar). TID-administratorane vil ha ansvar for å leie refleksjonsmøta og å rettleie personalet. For meir informasjon, les meir om modellen her.

Kontakt

USHT Vestland (Sogn og Fjordane) tilbyr kommunane i vårt nedslagsfelt basiskurs i både TID og VIPS, og vil vere tilgjengeleg for spørsmål og rettleiing i samband med oppstart.

Ta gjerne kontakt dersom de har spørsmål, eller ynskjer å starte opp med VIPS eller TID.

Kontakt

Marta Strandos
Leiar for utviklingssenteret
E-post
Telefon 57 61 26 54
Mobil 41 52 64 16

  

Toril Marie Terum
Utviklingskoordinator
E-post
Telefon 57 72 60 51
Mobil 99 61 05 34